Dekningspunktanalyse
Dekningspunktanalyse er eit verktøy som gjer det mogleg å studere utviklinga i resultatet ut frå salet.
Dekningspunkt
Eit dekningspunkt er mengda eller omsetninga der inntekta er like stor som kostnadane.
Føresetnadane for dekningspunktanalysen
Kostnadene kan splittast i variable kostnader og faste kostnader. Variable kostnader er proporsjonale og prisen er fast og uavhengig av selt mengd.
Dekningsbidrag
Dekningsbidrag er salspris – VEK eller STI – VTK.
Dekningsgrad
Dekningsgraden seier kor mykje dekningsbidraget utgjer i prosent av salsinntekta.
Dekningspunkt i kroner
Berekningsregel: Faste kostnader dividert på dekningsgraden multiplisert med 100
Dekningspunkt i einingar
Berekningsregel: Faste kostnader dividert på dekningsbidraget per eining
Sikkerheitsmargin i kroner
Berekningsregel: Salet i kroner – dekningspunktet i kroner
Sikkerheitsmargin i einingar
Berekningsregel: Salet i einingar – dekningspunktet i einingar
Sikkerheitsmargin i prosent
Berekningsregel: Sikkerheitsmarginen i einingar / salet ⋅ 100
Følsemdanalyse
Utrekning som viser kor følsamt eit resultat er i forhold til endringar i faktorar som pris, mengd, variable kostnader og faste kostnader.